Dersom du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melda frå til barnevernet. Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du melder frå. Når du har meldt frå, er det er barnevernet sin jobb å vurdera korleis meldinga skal følgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa i heimen og nærmiljøet sitt.