Koordinerande eining

Habiliterings- og rehabiliteringstilbodet du mottar skal vere samordna, tverrfagleg og planlagt, og din medverknad og innverknad er viktig.

Kva kan du få hjelp til?

Tenester innan habilitering og rehabilitering skal bidra til at du kan trene opp og vedlikehalde ditt funksjonsnivå og ferdigheiter. Målet er at du skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv ut i frå dine føresetnader og ynskje.

Koordinerande eining har oversyn over det kommunale habiliterings- og rehabiliteringstilbodet og skal kunne hjelpe deg med informasjon, og/eller å setje i gang og samordne hjelpetiltak.

Koordinerande eining tek i mot søknader om individuell plan (IP) og koordinator. Eininga har også ansvar for opplæring og rettleiing av koordinatorar.

Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett gruppe med representantar frå helsestasjon, oppvekst, fysio- og ergoterapitenesta, tenesta for funksjonshemma og Tildelingskontoret. Andre tenesteområde er involvert der dette er aktuelt.

Tildelingskontoret leier den tverrfaglege gruppa, og er kontaktpunkt ved spørsmål og søknad.

Individuell plan

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP).

Dine eigne mål er utgangspunkt for den individuelle planen. Det er derfor viktig at du deltar aktivt i utarbeiding av planen. Pårørande skal også kunne medverke i den grad du ønsker dette.

Individuell plan skal innehalde ei oversikt over dine mål, ressursar og behov for tenester. Planen skal oppdaterast kontinuerleg og vere eit dynamisk verktøy i koordinering og målsetting av tenestetilbodet.

Koordinator

Ein av tenesteytarane skal utpeikast som koordinator, som skal sørge for nødvendig oppfølging av den enkelte brukar. Koordinator skal bidra til samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator bidrar til å arrangere ansvarsgruppemøter. Dine ynskje skal vektleggast ved val av koordinator. Sjølv om du takkar nei til individuell plan, skal kommunen vurdere å tilby koordinator dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester.

Søke om individuell plan (IP)?

Digital søknad om individuell plan (IP)

Vi oppfordrar til å nytte digitalt søknadskjema. Om dette ikkje lar seg gjera kan du fylle ut ein pdf av søknadsskjema og senda per post til kommunen. Merk då konvolutt med «Tildelingskontoret».

Søknadsskjema i pdf form vert generert ut frå det digitale skjemaet. Gjer dykk av den grunn merksam på at nokre felt kjem dobbelt opp – de treng ikkje fylla ut informasjon x 2 i skjema.

Pdf – Søknad om individuell plan

Nyttige lenker