Omsorgsbustad for personar med funksjonshemmingOmsorgsbustad for personar med funksjonshemming er eit tilbod for deg som har behov for ein tilrettelagt bustad med oppfølging og hjelp til å meistre daglege gjeremål.Kven kan få tilbodet?Personar med medfødd eller erverva funksjonshemming som er langvarig eller varig, og som treng hjelp for å kunne delta i kvardagsliv og samfunnsliv.Kva kan du få hjelp til?Tenesta omfattar:Nødvendig helsehjelp, praktisk bistand, opplæring og hjelp til å meistre dagleglivets ferdigheiter.Følgje til lege eller tannlege etter behov.Hjelpemiddel tildelt frå hjelpemiddelsentralen etter behov. Tenesta omfattar ikkje Leigetakar må møblere bustaden sjølv.Medisinar må betalast av brukaren sjølv, med unntak av blå resept frå lege.Utgifter til naudsynt medisinsk forbruksmateriell.Utgifter til personleg bruk, som frisør, fotpleie, aviser, briller, klede, sko osv.Dekking av utgifter til telefon/mobil.Installering av fleire TV-kanalar enn dei omsorgsbustaden alt har (ved behov for fleire må kvar bebuar skaffe eigen dekodar for Canal Digital).Datatilkopling ut over det trådlause nettverket som kommunen har installert (eventuelle ekstrautgifter må dekkast av leigetakar). Her finn du ossEidesbrotet bufellesskap, OddaRøldal bufellesskapBroto bufellesskap, KinsarvikSlik søkjer duDu kan søkje om omsorgsbustad ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.Søk om helse- og omsorgstenesterSøknad om helse og omsorgstenester (pdf)Papirskjema kan sendast til: Ullensvang kommune v/Helse og omsorgAvdeling for Forvaltning og koordinering Opheimsgata 315750 OddaSøknadsfristDet er ingen fast søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.PrisLeigeforholdet vert regulert av husleigelova, og du inngår husleigeavtale med kommunen. Leigetakar kan søkje bustøtte frå Husbanken.Kva skjer vidare?Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.KlageDersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.Lovar og reglarTilbodet er regulert etter: Helse- og omsorgstenestelova § 3-1, jf. 3-2a.