Fritidskontakt (støttekontakt)

Fritidskontakt (støttekontakt) er eit tilbod for personar som treng støtte og hjelp til å delta i sosiale aktivitetar og få ei meir meiningsfull fritid.

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet kan bli innvilga til personar som:

  • Har vanskar med å komme seg ut på eiga hand og/eller treng støtte i sosiale aktivitetar.
  • Har eit lite sosialt nettverk og opplever mykje einsamheit.

Døme på grupper som kan ha nytte av tenesta:

  • Personar med utviklingshemming.
  • Barn, unge og vaksne med psykiske utfordringar.
  • Personar med nedsett funksjonsevne.
  • Innvandrarar som er ukjende med det norske samfunnet.
  • Familiar med samansette utfordringar.
  • Personar med rusproblem.

Kva kan du få hjelp til?

Fritidskontakten sin hovudoppgåve er å hjelpe brukaren til ei meir aktiv og meiningsfull fritid. Aktivitetane blir tilpassa brukaren sine interesser og behov.

Tenesta kan omfatte:

  • Støtte til å delta på sosiale aktivitetar.
  • Oppfølging for å styrke meistring av fritidsaktivitetar.
  • Hjelp til å etablere og oppretthalde sosial kontakt.
  • Moglegheit for å få treningskontakt for støtte til fysisk aktivitet.
  • Individuelle eller gruppebaserte tilbod.

Slik søkjer du

Du kan søkje om fritidskontakt/støttekontakt ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfristar

Det er ingen fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Prisar

Tilbodet om fritidskontakt er gratis.

Kva skjer vidare?

Når søknaden er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lovar og reglar