Radon
Ullensvang kommune er ein høgrisiko-kommune der vi ynskjer at alle innbyggarane målar radon.
Har min bustad eit radonproblem?
Det er ikkje mogleg å sei om akkurat din bustad har eit radonproblem utan å gjennomføra måling. Er det for høgt nivå bør du gjera tiltak for å få ned nivå frå helsefarleg til akseptabelt nivå.
For utleigebustader er det gitt grenseverdi for radonnivået i Strålevernforskrifta, og utleigar skal sørge for at det er kartlagt radon dersom ein skal leige ut.
Bestilling av radonmåling
Ullensvang kommune tilbyr radonmåling til innbyggjarar, Føresetnaden for tilbodspris er at måleresultat vert gjort tilgjengeleg for kommunen, som dermed vil få eit betre grunnlag for å vurdera radontilhøva i kommunen. Måleresultat vil ikkje publiserast på ein slik måte at enkeltmålingar kan kjennast igjen.
Her kan du tinga sporfilmmåling > radon.no
Regelverk og rettleiing