Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen er den øvste medisinskfaglege rådgjevaren i kommunen og leier det samfunnsmedisinske arbeidet.

Kommuneoverlegen gjev råd og rettleiing

  • i kommunen sitt tverrsektorielle folkehelsearbeid og til den kommunale helse- og omsorgstenesta
  • til alle tenesteområda i kommunen med innverknad på folkehelsa
  • direkte til befolkninga og til kommunepolitikarane

Andre oppgåvene er mellom anna

  • Medisinskfagleg rådgjeving der det er naudsynt for å ivareta oppgåver etter folkehelseloven, inkludert saker innan miljøretta helsevern.
  • Fatte vedtak om tvungen legeundersøking når det blir mistenkt at nokon på grunn av alvorleg psykisk sjukdom unndrar seg naudsynt helsehjelp.
  • Ivareta kommunen sin hastekompetanse innan smittevern, miljøretta helsevern og helsemessig beredskap.

Lover og reglar