RPH - Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit tilbod til personar over 18 år, busett i Ullensvang kommune, som har milde til moderate depresjonsplager, angstplager,  og/eller søvnvanskar. Målet er å gje hjelp innan to veker for å førebygge vidare utvikling av problema.

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er for deg som:

  • Har depressive tankar, lite energi og føler deg trøytt og sliten.
  • Opplever indre uro eller engstelse som avgrensar kvardagen.
  • Har utfordringar knytt til samlivsbrot, sjukdom eller andre vanskelege livssituasjonar.
  • Bekymrar deg mykje eller har låg sjølvkjensle.
  • Kjenner deg stressa og manglar initiativ.
  • Er motivert for aktivt endringsarbeid over ein kortare periode.
Sikk sakk element i raud farge - morell. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

RPH er ikkje ei akutteneste.

Ved behov for akutt hjelp, kontakt fastlegen din eller legevakt på tlf. 116 117

Ved øyeblikkelig hjelp, ring 113

Tilbodet eignar seg IKKJE for personar som:

  • Har behov for akutt psykisk helsehjelp.
  • Har ei alvorleg psykisk liding.
  • Er tilvist til annan psykisk helsehjelp, som distriktspsykiatrisk senter (DPS).
  • Allereie mottek kommunale tenester relatert til psykisk helse.

Kva kan du få hjelp til?

Slik søkjer du

Ta kontakt for å sjå om du er i målgruppa. Dersom du er det, vil du få tilbod om rettleia sjølvhjelp, kurs eller individuelle samtalar. Det er ikkje mogleg å bestille individuelle samtalar direkte – dette blir vurdert ved første kontakt.

Søknadsfrist

Tilbodet er løpande, men RPH er stengt for spørsmål i juli grunna ferieavvikling.

Praktiske opplysningar

Tilbodet er gratis og krev ikkje tilvising frå lege. 

Samarbeid med fastlege blir likevel oppmoda om undervegs.

Kva skjer vidare?

Når du tek kontakt, vil du bli vurdert for tilbodet. Dersom du er i målgruppa, får du eit tilbod innan kort tid.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vurderinga, kan du kontakte kommunen.