Psykososialt kriseteamPsykososialt kriseteam i kommunen er ei tverrfagleg gruppe som bistår det ordinære hjelpeapparatet ved ulukker og alvorlege kriser. Kva kan kriseteamet bidra med?Kriseteamet sikrar og organiserer støtte til menneske som har opplevd ulukker og kriser. Dei yter psykososial førstehjelp i situasjonar som kan vere dramatiske og potensielt traumatiserande, og som kan påverke kvardagsfungeringa til dei involverte. Teamet vurderer hjelpebehov, formidlar kontakt med andre instansar og kan henvise til det faste behandlingsapparatet ved behovAktuelle hendingar kan vere:Direkte tap eller trussel om tap.Sjølvmord, sjølvmordsforsøk, drap, uventa dødsfall hos barn og unge.Vald, ulukker eller nestenulukker prega av livsfare, som brann, flaum eller gisseltaking.Å vere vitne til eller tilfeldig hjelpar ved ei alvorleg hending.Kven kan ta kontakt?Psykososialt kriseteam vert rekvirert via kommunen si leiing, legevakten/AMK eller politiet. Kriseteamet skal ikkje kontaktast direkte av privatpersonar. Om du er i krise og treng hjelp og støtte frå psykososialt kriseteam - Ta kontakt med Legevakten på telefon 116 117. Treng du nokon å snakke med? Det finnes fleire nasjonale hjelpetelefonar du kan kontakte dersom du har behov for å snakke med nokon når livet er vanskeleg. Kirkens SOS Kirkens SOS er landets største døgnåpne kriseteneste på telefon og internett. Her er det alltid nokon som tar imot samtalar, kvar einaste dag, heile døgnet, også i ferie og høgtid. Du kan ringe på 22 40 00 40, chatte eller skrive melding. Mental Helse Organisasjonen Mental helse svarer heile døgnet på telefon 116 123. På www.sidetmedord.no kan du også chatte og sende meldinger. For barn og unge Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111Kors på halsen (drevet av Røde Kors): 800 333 21SnakkOmPsyken.no: Chattetilbud drevet av Blå Kors