SøvnkursSøvnkurset er for personar som har vanskar med å få sove, ofte vaknar for tidleg eller har hyppige oppvakningar i løpet av natta.Om kursetKurset passar for personar som strevar med søvnproblem og ønskjer hjelp til å forbetre søvnkvaliteten. Metoden som vert nytta er basert på kognitiv åtferdsterapi, og det vert lagt opp til at kvar enkelt jobbar med innhaldet sjølv mellom samlingane. Metoden kan opplevast krevjande fordi ein i ein oppstartsfase vil bruka mindre tid i senga Kurset passar ikkje for Personar som:Arbeider turnus med nattarbeid.Har rusproblem.Får behandling i spesialisthelsetenesta.Har søvnapné eller narkolepsi.Har alvorleg psykisk liding (bipolar liding, schizofreni, alvorleg depresjon, personlegdomsproblematikk).Har demensdiagnose. Kva kan du få hjelp til?Undervisning og rettleiing basert på kognitiv åtferdsterapiInnsikt i søvnvanar og faktorar som påverkar søvn.Praktiske verktøy for å endre søvnmønster.Oppgåver mellom samlingane for å styrke læringseffekten.Slik søkjer duDu kan melde interesse til Rask psykisk helsehjelp. Alle som melder seg, blir kontakta på telefon for ein samtale om søvnvanskane sine og får meir informasjon om behandlinga.SøknadsfristKurset blir arrangert jamleg. Ta kontakt for neste kursdato.Praktiske opplysningarVarigheit: 6 samlingar.Gruppe: Inntil 8 deltakararStader: Jondal, Kinsarvik og OddaPrisKurset er gratis.Kva skjer vidare?Når du har meldt interesse, vil du bli kontakta for ein vurderingssamtale.KlageDersom du ikkje er nøgd med vurderinga, kan du kontakte kommunen.