Meistring og fysisk aktivitet - om ein er nedstemt og har depressive plagerKurset gir deltakarane verktøy til å handtere depresjonssymptom gjennom ein kombinasjon av kognitiv åtferdsterapi og fysisk aktivitet.Om kursetKurset er eit samarbeid mellom Frisklivssentralen og Rask psykisk helsehjelp og går over åtte samlingar. Undervisninga følgjer prinsippa frå kognitiv åtferdsterapi og liknar på Kurs i depresjonsmeistring (KiD), og skal gje vektøy for å forstå og meistre depresive plager. Samanhengen mellom fysisk aktivitet og psykisk helse er godt dokumentert. Studier viser at regelmessig fysisk aktivitet kan bidra til å redusere symptom på depresjon, angst og stress. Når vi beveger oss, frigjer kroppen endorfin og serotonin – kjemiske stoff som kan auke kjensla av velvære og stabilisere humøret. Samtidig kan fysisk aktivitet føre til betre søvn, auka energinivå og ein sterkare meistringskjensle i kvardagen.For personar som er plaga med nedstemtheit og depressive plager, kan terskelen for å vere fysisk aktiv vere høg. Kroppen sine reaksjonar under trening – som auka puls og pust – kan likne på stressreaksjonar, noko som kan kjennast ubehageleg. Difor er det viktig å tilnærme seg fysisk aktivitet gradvis og på ein måte som gjer at ein opplever meistring.Kurset passar for personar somHar lettare former for nedstemtheit og depresjon, eller har opplevd depresjon tidlegare.Har tilnærma normalt funksjonsnivå og ynskjer å bruke fysisk aktivitet som eit verktøy og meistringsstrategi. Kva kan du få hjelp til?Kvar samling består av:To timar undervisning med teori, refleksjonsoppgåver og heimearbeid.Ein time fysisk aktivitet leia av fysioterapeut.Det vert ikkje kravd aktiv deltaking i undervisninga - deltakarane avgjer sjølv om dei vil dele erfaringar. Alle vert oppmoda til å delta i fysisk aktivitet då dette vert rekna som ein viktig del av behandlinga. Treninga vert individuelt tilpassa, slik at ho passar for alle – uansett fysisk form.Fokus på meistringskjensle, framgang og motivasjon til vidare trening etter kurset.Kursmateriell er gratis. Slik søkjer duPåmelding via Rask psykisk helsehjelp.SøknadsfristKursa vert annonsert på nettsida vår med søknadsfrist for komande kurs. Praktiske opplysningarKurs over 8 samlingar, kvar med to timar undervisning + ein time fysisk aktivitet.Stad: Odda HelsehusTid: kl. 09.00 – 12.00PrisKurset er gratis.Kva skjer vidare?Aktuelle deltakarar blir kalla inn til ein samtale før kursstart.KlageDersom du ikkje er nøgd med vurderinga, kan du kontakte kommunen.