KiD – Kurs i depresjonsmeistring

Rus og psykisk helseteneste i kommunen arrangerer Kurs i depresjonsmeistring (KiD). Dette er eit kurs for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemde eller deprimerte på ein slik måte at det går ut over livskvaliteten.

Om kurset

Kurset blir leia av godkjente kursleiarar med helsefagleg bakgrunn, og er bygd på kognitiv, sosial læringsteori. Kursdeltakarane blir undervist i å bli oppmerksam på tankane sine og sjå samanheng mellom tankar og kjensler. Du lærer å vurdera og endra dei negative tolkingane dine av det som skjer, og dessutan å kjenne igjen og forandre negativt mønster på tankar og handlingar. 

Kursdeltakarane får opplæring i kva dei sjølv kan gjera for å endra mønsteret på tankar og handlingar som held ved like og forsterka om ein er nedstemt/depresjon. Kursdeltakarane arbeidar med sine eigne utfordringar heime, ved hjelp av metodar og teknikkar som dei lærer på kurset. Heimearbeid er ein svært viktig del av kurset.

Kven kan få tilbodet?

Kurset er for vaksne med lett til moderat depresjon. Teikn og symptom kan vere:

  • Fråvær av glede
  • Tristheit
  • Tilbaketrekking
  • Søvnproblem
  • Følelse av å vere verdilaus
  • Uro
  • Tiltaksløyse og lite initiativ
  • Grubling
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Irritabilitet

Kva kan du få hjelp til?

Mål med kurset:

  • Auka forståing av depresjon
  • Tileigna seg verktøy for å handtere depressive plagar
  • Redusere negative konsekvensar av depresjon
  • Førebygge nye episodar med depresjon

Slik søkjer du

Du kan melde interesse til Rask psykisk helsehjelp. 

Alle som melder seg vil få tilbod om ein samtale med ein fagperson for å vurdere kva for tilbod som passar best for deg.

Søknadsfrist

Kurset blir arrangert jamleg. Ta kontakt for neste kursdato.

Sikk sakk element i raud farge - morell. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Praktiske opplysningar

  • Varigheit: 8 samlingar, og 2 oppfølgingssamlingar
  • Gruppe: Inntil 10-12 deltakarar
  • Stader: Jondal, Kinsarvik og Odda
  • Materiell: Gratis kursbok “Å meistra depresjon”

Pris

Kurset er gratis.

Kva skjer vidare?

Før kurset startar, vert du kalla inn til ein individuell samtale med kursleiar.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vurderinga, kan du kontakte kommunen.