KiB – Kurs i meistring av belastning

Kurset er for vaksne som opplever stor belastning, og som ønskjer å betre evna si til å meistre belastningar.

Om kurset

Kurset blir leia av godkjente kursleiarar med helsefagleg bakgrunn, og det blir nytta kognitiv teori og kognitive metodar. Kurs i belastningsmestring (KiB) er utvikla for deg som har behov for å betre evna til å regulere og handtere belastningar. Ulike belastningar påvirkar kvarandre og dei kan for eksempel vere knytt til livssituasjon, familie, helse, studier og arbeidsliv.

Kven kan få tilbodet?

Kurset passar for vaksne som opplever

  • Ubalanse mellom det dei maktar, treng eller forventar, og den opplevde situasjonen.
  • Ei kjensle av å ikkje kunne meistre eller kontrollere utfordringar eller hendingar.

Nokre teikn på overbelastning og stress:

  • Trøyttheit og utmatting
  • Muskelspenningar
  • Søvnvanskar
  • Mindre glede
  • Uro og rastløyse
  • Konsentrasjons- og hukommelsesproblem
  • Grubling og bekymring

Kva kan du få hjelp til?

Kurset gir ei forståing av samanhengen mellom belastning, meistring og stress. Du som deltakar får kunnskap om tema som:

  • Belastningar og reaksjonar, blant anna kartlegging av eigne belastningar
  • Meistring, verdiar og handlingar, og bevisstgjering av eigen meistrings- og tankestil. 
  • Tenkning, forståing og belastning
  • Aktivitet og søvn
  • Belastning og kontakt med andre
  • Å forstå og bli forstått
  • Endring og vanestyrke
  • Livskvalitet
  • Metodar og teknikkar for betre meistring av belastning i arbeids- og privatliv.

Det er ikkje naudsynt å dele eigne erfaringar i gruppa – deltakarane jobbar individuelt med oppgåver mellom samlingane.

Slik søkjer du

Du kan melde interesse til Rask psykisk helsehjelp. 

Alle som melder seg vil få tilbod om ein samtale med ein fagperson for å vurdere kva for tilbod som passar best for deg.

Søknadsfrist

Kurset blir arrangert jamleg. Ta kontakt for neste kursdato.

Sikk sakk element i raud farge - morell. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Praktiske opplysningar

  • Varigheit: 7 veker med ei samling i veka, 1-2 oppfølgingssamtalar etter kurset.
  • Gruppe: 8-12 deltakarar
  • Stader: Kinsarvik og Odda
  • Materiell: Gratis kursbok

Pris

Kurset er gratis.

Kva skjer vidare?

Ved påmelding til KiB vil kursleiar ha ein forsamtale med kvar enkelt deltakar. Dette er ein uforpliktande samtale der det m.a. blir informert om innhaldet og forma til kurset, og ein vurdering om dette kurset kan vera til nytte for deg.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vurderinga, kan du kontakte kommunen.