Rehabiliteringsopphald i institusjon

Rehabiliteringsopphald i institusjon er eit tilbod til personar med tidsavgrensa behov for tverrfagleg rehabilitering som krev heildøgnsopphald.

Kven kan få tilbodet?

  • Tilbodet vert tildelt ut frå fagleg vurdering og prioritering til brukarar over 18 år som:
  • Har behov for tidsavgrensa tverrfagleg rehabilitering i institusjon.
  • Er medisinsk utgreidde og har ein stabil helsetilstand.
  • Er motiverte for eigeninnsats og har forståing for eigen situasjon.
  • Kan samarbeide, ta instrukser og nyttiggjere seg av opphaldet.
  • Kan delta i aktiv opptrening frå starten av opphaldet.

Rehabilitering i institusjon kan bli vurdert ved:

  • Akutt skade eller sjukdom som fører til varig eller langvarig funksjonsnedsetting.
  • Kronisk helsetilstand med varierande eller aukande funksjonsnedsetting.
  • Funksjonsnedsetting som følgje av den naturlege aldringsprosessen (med unntak av brukarar med rus, demens eller psykiatriske hovudutfordringar).

Kva kan du få hjelp til?

  • Tverrfagleg rehabilitering med oppfølging frå fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, helsefagarbeidar, lege og logoped.
  • Medisinsk oppfølging frå tilsynslege (eller fastlege dersom brukaren ønskjer dette – då må brukar betale sjølv).
  • Tilrettelagt opptrening med mål om å styrke funksjonsevne.
  • Oppfølging av vidare tenestetilbod etter opphaldet.

Praktiske opplysningar

  • Mål for opphaldet skal vere avklart før oppstart, og vidare tenestetilbod skal vere klart ved avslutning.
  • Brukar må ha med seg naudsynt personleg utstyr og hjelpemiddel.
  • Utgifter til medisin, medisinsk utstyr, kost og losji, samt institusjonen sine hygieneprodukt er dekka av eigendel og inkludert i pris.
  • Reiseutgifter til og frå institusjonen er inkludert. Kjem ein frå sjukehus, vert reisa dekka av transportordninga.

Slik søkjer du

Du kan søkje om rehabiliteringsopphald ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er inga fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Prisar

Det er krav om eigenbetaling per døgn, fastsett i forskrift. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klaga skal sendast til kommunen innan tre veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lover og reglar

  • Tilbodet er heimla i Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 5, jf. § 3-2 punkt 6c og § 3-1.