Korttidsopphald i institusjon

Korttidsopphald i institusjon er eit tilbod for personar som i ein tidsavgrensa periode har behov for døgnkontinuerleg opphald for observasjon, vurdering, behandling eller omsorg. 

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er for personar som:

  • Har behov for døgnkontinuerleg opphald for observasjon, vurdering, behandling eller omsorg ved livets slutt.
  • Treng helsehjelp etter utskriving frå sjukehus og må få kartlagt vidare hjelpebehov.
  • Treng opptrening og/eller trening for å halde seg vedlike, men ikkje har behov for tverrfagleg rehabilitering.
  • Har akutt behov for institusjonsplass.

Kva kan du få hjelp til?

Korttidsopphaldet omfattar:

  • Sjukepleie og legeteneste.
  • Fysioterapi og/eller ergoterapi ved behov.
  • Kartlegging og observasjon av funksjonsnivå og evne til eigenomsorg.
  • Vurdering av behov for framtidige tenester for å legge til rette for vidare bustad i eigen heim.

Slik søkjer du

Du kan søkje om korttidsopphald ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er ingen fast søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Pris

Det blir kravd eigenbetaling per døgn, fastsett i forskrift.

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lover og reglar