Dag- eller nattopphald på institusjonTilbod om dag- eller nattopphald på institusjon er eit viktig tiltak for å førebyggje funksjonssvikt og leggja til rette for at flest mogleg skal kunne bu heime lengst mogleg. Kven kan få tilbodet?Tilbodet er for:Personar som har behov for aktivisering og fellesskap.Personar som har behov for dag- eller nattopphald fordi pårørande er i arbeid, på ferie eller har behov for avlasting.Personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonssvikt ikkje kan nytte seg av tilbod om eldresenter eller dagsenter.Kva kan du få hjelp til?Tenesta gir rett til:Kost og losji, samt helse- og omsorgstenester som kommunen organiserer etter helse- og omsorgstjenesteloven.Transport til og frå dagopphald om det er naudsynt.Deltaking i aktivitetar som føregår på institusjonen.Slik søkjer duDu kan søkje om dag- eller nattopphald ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.Søk om helse- og omsorgstenesterSøknad om helse og omsorgstenester (pdf)Papirskjema kan sendast til: Ullensvang kommune v/Helse og omsorgAvdeling for Forvaltning og koordinering Opheimsgata 315750 OddaSøknadsfristDet er ingen fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.PrisDet blir kravd eigenbetaling per døgn, fastsett i forskrift.Ved nokre høve kan dag- eller nattopphald bli vurdert som avlastningstiltak etter helse- og omsorgstenestelova §3-6. Då er det ikkje eigenandel på opphaldet, jfr Forskrift om eigenandel for kommunale helse-og omsorgstenester § 1 a.Kva skjer vidare?Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.KlageDersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klaga skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.Lover og reglarTilbodet er heimla i helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 pkt. 6c, jf. § 3-1.