Praktisk bistand i heimen (heimehjelp)

Praktisk bistand er eit tilbod til personar som treng hjelp til daglege gjeremål i heimen.

Kven kan få tilbodet?

Personar som ikkje kan ivareta omsorg for seg sjølv eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål, kan få tilbod om tenesta.

  • All hjelp vert tildelt etter individuell vurdering og kartlegging av hjelpebehovet.
  • Søkjar må ha fast adresse i kommunen.
  • Personar som bur aleine vert prioritert framfor søkjarar som bur i lag med funksjonsfrisk ektefelle/sambuar.
  • Brukar skal utføre mest mogeleg sjølv.
  • Brukar skal vere til stades under utføring av tenesta, med mindre anna er avtalt.

Kva kan du få hjelp til?

Tenesta bistår med å dekke naudsynte behov den einskilde ikkje er i stand til å ivareta. Døme på praktisk bistand:

  • Rengjering av rom du nyttar til dagleg (bad, WC, kjøkken, soverom, stue, gang).
  • Golvvask/støvsuging, oppvask, skifte av sengetøy, vask av tøy i vaskemaskin eller levering på vaskeri.
  • Handling av matvarer éin gong i veka.
  • Vask av vindauge inntil to gonger per år (dersom vindauga kan vaskast frå innsida eller altan/terrasse).
  • Vask av kjøleskap inntil fire gonger per år.

Slik søkjer du

Du kan søkje om praktisk bistand ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er inga fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Prisar

Heimehjelp er eit månadsabonnement regulert i «Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester». Satsar for eigenbetaling vert vedteke av kommunestyret kvart år, utanom staten sine maksprisar.

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klaga skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lover og reglar

  • Tilbodet er heimla i Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b.