Matombringing (levering av mat)

Matombringing (levering av mat) er eit tilbod til heimebuande som har vanskar med å dekke sitt eige ernæringsbehov. Tenesta er ikkje lovpålagt.

Kven kan få tilbodet?

Tenesta er for heimebuande eldre eller personar med funksjonsnedsetting som på grunn av sjukdom eller andre årsaker ikkje er i stand til å dekke sitt eige ernæringsbehov, og som ikkje har høve til å hente og kjøpe middag sjølv.

Tenesta vert tildelt på bakgrunn av søknad, kartlegging og opplysningar frå lege eller pårørande.

Praktiske opplysningar

  • Brukar må ha middag minimum tre faste dagar i veka for å få vedtak på matombringing. Ynskja dagar må kome fram i søknaden.
  • Det er ikkje høve til å avtale kjøp frå veke til veke.
  • Middag vert levert etter fast meny frå kjøkkenet.
  • Diettmat vert levert når medisinske årsaker er dokumenterte.
  • Kjøkkenet har ikkje høve til å ta omsyn til personlege preferansar.

Mottak og endringar

  • Tenestemottakar må sjølv vera til stades ved levering eller syte for at nokon tek imot maten.
  • Mottakar av tenesta er sjølv ansvarleg for avbestilling dersom det er behov for stans i levering (ferie, sjukehusinnlegging, besøk ol.).
  • Avbestilling må om mogeleg skje seinast kl. 14.00 dagen før levering.
  • Det er frist for oppseiing av middagslevering på sju dagar.

Endringar av dagar eller stans i middagslevering må meldast til rett tenestestad:

Slik søkjer du

Du kan søkje om middagsombringing ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er inga fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Prisar

Pris på middag, dessert og utlevering/utkøyring vert sett av kommunestyret.

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klaga skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lover og reglar

Middagsombringing er ikkje ei lovpålagt teneste, men vert administrert av kommunen i tråd med gjeldande retningslinjer.