Heimesjukepleie (Helsetenester i heimen)

Helsetenester i heimen omfattar ulike helsetenester som vert gjevne i heimen, som sjukepleie, psykisk og fysisk helseteneste. 

Kven kan få tilbodet?

Helsetenester i heimen blir tildelt personar som av fysiske eller psykiske årsaker ikkje kan ivareta eigen livssituasjon eller helse på ein forsvarleg måte.
For å få helsetenester i heimen må ein:

  • Bu eller opphalde seg i Ullensvang kommune.
  • Ha trong for pleie og omsorg, sårbehandling, smertebehandling eller oppfølging av medikamentell behandling.
  • Ha trong for observasjon av sjukdomsutvikling eller psykisk helse.
  • Vere alvorleg sjuk med ynskje om å døy heime.
  • Tenesta vert tildelt etter fagleg vurdering basert på søknad, kartlegging av hjelpebehovet, opplysingar frå lege, pårørande eller andre.

Kva kan du få hjelp til?

Heimesjukepleien utfører medisinske oppgåver og tilsyn til personar som bur heime og ikkje treng institusjonsopphald. Tenesta vert gitt når det er medisinsk forsvarleg å yte hjelp utanfor sjukehus eller sjukeheim.

Tenesta kan omfatte:

  • Tilsyn, råd, rettleiing og støttesamtalar.
  • Tilrettelegging av måltider og oppfølging av ernæring.
  • Hjelp til å stå opp og leggje seg, personleg hygiene, dagleg stell og dusj.
  • Stell av sår, hjelp til stomi, kateter, inkontinensutstyr og sonde.
  • Smertebehandling og hjelp til alvorleg sjuke og døyande.
  • Generell oppfølging og helsefagleg observasjon.
  • Oppfølging etter legebesøk og sjukehusopphald.
  • Informasjon om tannhelsetilbod.
  • Bistand til søknad om hjelpemiddel og tilpassing av desse.
  • Legemiddelhandtering etter søknad frå lege (hovudsakleg som multidosepakker).

Slik søkjer du

Du kan søkje om helsdagetenester i heimen ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er ingen fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Pris

Det vert ikkje kravd eigenbetaling for helsetenester i heimen.

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klaga skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lover og reglar

  • Helsetenester i heimen er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §§ 1-1, 3-1 og 3-2 punkt 6, bokstav a.