Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei ordning som gir personar med nedsett funksjonsevne moglegheit til å styre eigen kvardag ved å organisere praktisk og personleg assistanse sjølv. BPA skal bidra til likeverd, likestilling og samfunnsdeltaking

Kven kan få tilbodet?

For å få tenester organisert som BPA, må ein:

  • Ha behov for personleg assistanse, inkludert praktisk bistand, opplæring, støttekontakt eller avlasting.
  • Ha eit stort og langvarig behov for tenester, minst to år.
  • Ha behov for meir enn 32 bistandstimar per veke for å ha rett til BPA.
  • Ved behov mellom 25-32 timar per veke, kan BPA bli vurdert dersom det ikkje er vesentleg meir kostnadskrevjande for kommunen.
  • Vere under 67 år ved søknadstidspunktet.
  • Kommunen gjer ei heilskapleg og individuell vurdering av kva hjelp som er mest hensiktsmessig for å dekke behovet for bistand.

Målgruppa inkluderer:

  • Personar med funksjonsnedsetting som har eit samansett og omfattande behov for tenester, og som kan leie assistentane sjølv.
  • Personar med kognitiv svikt som ikkje kan ivareta arbeidsleiarrolla sjølv, men har ein pårørande eller verje som kan ta ansvar.
  • Familiar med barn med nedsett funksjonsevne.

Kva kan du få hjelp til?

Tenesta kan omfatte:

  • Personleg assistanse (hygiene, påkleding, ernæring, matlaging).
  • Praktisk bistand i heimen og kvardagen.
  • Opplæring i daglege gjeremål.
  • Støttekontakt for sosial deltaking og aktivitetar utanfor heimen.
  • Følgje til arbeid, skule, fritidsaktivitetar og reiser.
  • Anna naudsynt assistanse basert på individuelle behov. 

Slik søkjer du

Du kan søkje om BPA ved å sende inn søknadsskjema eller kontakte tildelingskontoret for rettleiing.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er inga fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Pris

BPA er gratis for brukaren. Kommunen dekker kostnadene for tenesta.

Kva skjer vidare?

Når søknaden er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lover og reglar

  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-8, jf. § 3-1 punkt 6, bokstav b.
  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1d.