Økonomisk sosialhjelp

Om du kjem opp i ein situasjon der du/de treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

  • Økonomisk sosialhjelp
  • Råd og rettleiing
  • Økonomisk naudhjelp
Illustrasjon som viser ei ark med lys blå bakgrunn. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Er du i ein økonomisk naudsituasjon? 

Då kan du søkje naudhjelp på søknadsskjema sosialhjelp (sjå rettleiing under). 

Eller ring vakttelefonen til Nav sosial eller Nav sitt kontaktsenter.

Søkje om sosialhjelp

Digitalt

Du kan søkje om sosialhjelp digitalt. Denne løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med Bank-id eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Commfides.

Søk om sosialhjelp

Skjema på papir

Om du av ulike årsakar ikkje kan eller vil nytte deg av den digitale søknaden, kan du fortsatt få skjema på papir. Skjema kan hentast på eit av våre Nav kontor i kommunen. 

Søknadar per brev skal sendast eller leverast direkte til NAV Ullensvang.

Hjelp med søknad?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV sitt kontaktsenter eller vakttelefonen til NAV sosial og få rettleiing over telefon. 

Mer informasjon

På Nav sine nettsider under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon og rettleiing.

Nav.no: Økonomisk sosialhjelp