Muligheten

Muligheten er eit arbeidsretta aktivitetstiltak for arbeidsledige i kommunen som har eit ynskje om å kome ut i ordinært løna arbeid.

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er retta mot arbeidsledige som ønskjer å skaffe seg arbeidserfaring og kompetanse for å kvalifisera seg til det ordinære arbeidslivet.

Kva kan du få hjelp til?

Deltakarar på Muligheten kan ta del i ulike kurs og få rettleiing i jobbsøking. Tiltaket har som mål å bidra til overgang til arbeid eller utdanning.  

Aktivitetane varierer ut frå deltakarane sine behov og arbeidsgruppa si samansetning. For tida har vi fokus på skogbruk, vedproduksjon og reinhaldsoppdrag, men tidlegare har vi hatt aktivitetar innan kantinedrift og møbeltapetsering. 

I tillegg legg vi vekt på fysisk aktivitet og positivt sosialt samvær.

Slik søkjer du

Du kan søkje om plass ved å kontakte kommunen.

Søknadsfristar

Tilbodet er løpande, henvendingar blir behandla fortløpande.

Prisar

Tilbodet er gratis for deltakarane.

Kva skjer vidare?

Når du tek kontakt, vil vi saman kartleggje dine behov og vurdera kva aktivitetar som kan passe for deg.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje har fått tilstrekkeleg informasjon eller rett oppfølging, kan du ta kontakt med kommunen for rettleiing.