Tiltakspakke ved kognitiv svikt/demens

Eit tilbod i heile kommunen for tettare oppfølging av heimebuande personar med kognitiv svikt eller demenssjukdom.

Kven kan få tilbodet?

Tiltakspakka er for heimebuande personar med kognitiv svikt eller demens som ønskjer tettare oppfølging for å kunne bu heime lengst mogleg.

  • Tilbodet blir tildelt etter søknad og vurdering av hjelpebehovet.
  • Pårørande kan delta i oppfølginga etter samtykke frå personen.

Kva kan du få hjelp til?

Tiltakspakken inneheld ein strukturert, fagleg og individuelt tilpassa oppfølging av heimebuande personar med kognitiv svikt/demens og deira pårørande.

Tilbodet inkluderer:

  • Oppfølging frå oppnemnt primærkontakt i heimetenesta éin gong per månad med heimebesøk og samtale.
  • Under besøket blir det vurdert om hjelpetilbodet til personen er tilstrekkeleg.
  • Primærkontakten kan kontakte pårørande i forkant av kvart besøk, dersom personen samtykker til dette.
  • Pårørande blir inviterte til å delta på oppfølgingsbesøka etter samtykke frå personen.
  • På første heimebesøk blir skjemaet «Min historie» fylt ut. Ein kan også opprette ein profil i MinMemoria for å samle informasjon om livshistoria til pasienten.
  • Ved kvart oppfølgingsbesøk blir ei sjekkliste nytta for å kartleggje endringar i helsetilstanden til personen.
  • Pasientens fastlege blir informert om endringar i helsetilstand via kommunen sitt elektroniske journalsystem.

Slik søkjer du

Du kan søkje om Tiltakspakke ved kognitiv svikt ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfristar

Det er ingen fast søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Prisar

Tiltakspakka vert finansiert av kommunen og har inga eigenbetaling.

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lovar og reglar

Tiltakspakka er ikkje lovpålagt, men blir administrert av kommunen i tråd med nasjonale retningslinjer for demensomsorg.