HukommelsesteamHukommelsesteam er eit lågterskeltilbod. Det vil sei at det ikkje er nødvendig med tilvising frå anna helsepersonell eller fastlege for å ta kontakt. Der det er mistanke om demens, tilbyr hukommelsesteam råd og rettleiing for korleis ein går fram for å få starta ei utgreiing.Kven kan få hjelpPersonar med mistanke om demenssjukdom som har behov for demensutgreiingPersonar med demenssjukdom som har behov for oppfølging etter å ha fått ein demensdiagnosePårørande og vener til personar med demens som har behov for oppfølging/rettleiingKva kan du få hjelp til?Hukommelsesteamet skal sikra at personar med demens og pårørande får god kartlegging, og eit godt tilpassa tenestetilbod. Hukommelsesteamet i kommunen består av ergoterapeut, sjukepleiar, vernepleiar og skal i tillegg ha eit nært samarbeid med lege/fastlege.Oppgåvene til teamet er mellom anna:heimebesøk med kartlegging av diagnose og vurdering av hjelpebehovråd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnararindividuell oppfølging ved behovPrisTenesta er gratis. Ta kontaktAlle som har ei bekymring knytt til demens, for eigen del, som pårørande eller hjelpepersonell kan gjerne ta kontakt.Du kan også ta kontakt via fastlegen din.