Må du søkja?

Når du skal byggja, riva eller gjera endringar på eigedomen din må du følgja reglane i plan og bygningslova. 

Rettleiing

Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) har laga ein god oversikt over kva du må finna ut før du kan setja i gang.

Åtte steg frå idé til ferdig søknad (Dibk)

eByggesøk er ein digital rettleiings- og søknadssløysning som hjelper deg som innbyggjar med byggjesøknadar. Du får hjelp til å finna ut om prosjektet ditt må søkjast til kommunen og om du kan senda søknad sjølv.

Privatpersonar - eByggesøk.no

Før du startar

Det er viktig å gjera seg kjent med arealplanen for området, planverket styrer det meste. 

Kommunekart
Arealplanar

Kjenner du plansituasjonen på staden du vil bygga, kan du gå vidare og finna ut om du kan setja i gong utan søknad, eller om du må søkja, ev. med dispensasjonssøknad (rettleiing finn du her).

Førehandskonferanse

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der tiltakshavar og kommunen har eit møte for å avklara føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova.

Tinging av førehandskonferanse

Søkja eller ikkje?

Kapittel 20 i plan- og bygningslova fortel kva tiltak lova gjeld for. Dei fleste tiltaka krev søknad, men nokre få tiltak kan du byggja utan å søkja.