Oppseiing av husleigeavtale for leigetakar i kommunal bustadYnskjer du å seie opp husleigeavtalen for kommunal bustad* i Ullensvang kommune? Då må du sende skriftleg oppseiing til Bustadkontoret. *gjeld alle typar utleigebustader der Ullensvang kommune har husleigeavtale med enkeltpersonar dvs. kommunale gjennomgangsbustader, omsorgsbustader og rekrutteringsbustader. Når du skal seie opp husleigeavtalen Når og korleis kan leigetakar seie opp leigeforholdet?Leigetakar kan når som helst gjennom avtaleperioden velge å seie opp leigeforholdet sitt.Oppseiinga må skje skriftleg til utleigar, og skal sendast til Bustadkontoret (skjema sjå nedst på sida).OppseiingsfristOppseiingsfristen er 1 månad - jf. pkt. 3 i husleigeavtalen. Fristen går frå den dagen oppseiinga er kome fram til Bustadkontoret. Dette betyr at du som leigetakar er ansvarleg for husleiga i minimum 1 månad frå Bustadkontoret har motteke oppseiinga. Dersom du veit at tidspunkt for flytting er lengre fram i tid, kan du likevel sende inn oppseiinga til Bustadkontoret sjølv om det er meir enn 1 månad til du skal flytte. Tidspunkt for når du skal flytte fyller du inn i skjemaet for oppseiing som du finn nedst på sida.Når stoppar leigetakar sitt ansvar for husleiga?Leigetakar er ansvarleg for husleiga fram til det tidspunktet der bustaden er tømt og nedvaska, og kommunen har godkjent reinhald og rydding av bustaden og nøklar er innlevert. NB! Du er uansett ansvarleg for husleiga i 1 månad frå tidspunkt for oppseiing sjølv om du flyttar ut tidlegare.Dette må du gjera før du flyttar utBustaden må vera nedvaska og tømt for eigedeler ved fråflytting. Det samme gjeld boder og uteområde som du har disponert. Utfyllande informasjon finn du i informasjonsbrev som du får tilsendt når Bustadkontoret har mottatt oppseiinga di. Det skal avtalast tid for utsjekk der du eller ein representant for leigetakar møter saman med ein representant for kommunen for å gå gjennom bustaden før leigeforholdet vert avslutta. Nøklar skal leverast når utsjekk er godkjent av kommunen.Oppseiing av husleigeavtale - digitalt skjemaDersom du ikkje kan melde digitalt finn du papirskjema her.