Kven kan få tilbodet?
For å få tildelt omsorgsbustad må søkjar:
- Vere over 18 år og folkeregistrert i Ullensvang kommune.
- Ha nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne, eller andre pleie- og omsorgsbehov, som gjer at eigen bustad ikkje lenger er tilpassa deira behov.
- Ha ein noverande bustad som er lite funksjonell og ikkje kan tilpassast eller tilretteleggast i tilstrekkeleg grad.
Kva kan du få hjelp til?
- Omsorgsbustadane er fysisk tilrettelagde bustader med livsløpsstandard.
- Målet er å gje eit bustadtilbod som kan fremje sjølvstende og utsetje eller hindre behov for institusjonsopphald.
- Helsehjelp og praktisk bistand vert tildelt etter same vurdering som i ein vanleg bustad.
- Omsorgsbustaden blir møblert av leigetakar.
- Det er mogleg å søkje om hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen.
- Leigeforholdet vert regulert av husleigelova, og leigetakar inngår husleigeavtale med Ullensvang kommune.
- Leigetakar kan søkje bustøtte frå Husbanken.
- Omsorgsbustader for eldre, uføre, psykisk sjuke og rusavhengige i Ullensvang kommune er fordelt i: Odda, Røldal, Kinsarvik, Utne, og Jondal.
Slik søkjer du
Du kan søkje om omsorgsbustad ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.
Søk om helse- og omsorgstenester digitalt
Søkja på papir?
Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:
Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)
Send papirskjema til:
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering
Opheimsgata 31
5750 Odda
Søknadsfrist
Det er ingen fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.
Pris
Leigeprisar for omsorgsbustad vert fastsett av kommunen.
Kva skjer vidare?
Når søknaden er mottatt, vil kommunen kartleggje behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.
Klage
Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.