Søknadar om kommunal gjennomgangsbustad (ordinære utleigebustader) vert vurdert i Bustadrådet, eit tverrfagleg samansett råd, som har møte ein gong i månaden. Bustadkontoret gjer vedtak, og du får skriftleg svar når søknaden din er behandla.
Ved akutt behov for bustad - ta direkte kontakt med Nav.
Retningsliner for tildeling (PDF, 190 kB)
Andre kommunale utleigebustader
Omsorgsbustader vert tildelt av Tildelingskontoret.
Meir informasjon finn du her:
Meld feil og manglar på alle kommunale utleigebustader
- Måndag - fredag kl. 09.00 - 14.00
- Hastesaker utanom opningstida
Kontaktinformasjon finn du nedst på sida!
Kven kan søkja?
Innbyggjarar som er fylt 18 år og er vanskelegstilt på bustadmarknaden. Det vil seia at ein av ulike grunnar ikkje har moglegheit til å skaffa seg bustad sjølv og/eller har vanskar med å bu på eiga hand, samt er i ein eller fleire av fylgjande situasjonar:
- utan eigen bustad
- står i fare for å miste noverande bustad
- bur i ueigna bustad eller bumiljø
Kva kan du få hjelp til?
- Informasjon, råd og rettleiing
- Søknad
- Informasjon om vedtak
- Klage
Merk!
Oppseiing av husleigeavtale sender du til postmottak@ullensvang.kommune.no
Slik søkjer du
Du kan søkje om kommunal gjennomgangsbustad digitalt. Det nye systemet vi nyttar er utvikla av Husbanken og har fått navnet Kobo. Det er enkelt, brukarvenleg og utvikla for å ivareta personvernet ditt. Det er kommunen som mottek og handsamar søknaden din om kommunal gjennomgangsbustad.
Søk om å leige kommunal gjennomgangsbustad
Du kan og søkje ved å fylle ut skjema på papir. Last ned søknadsskjema, eller ta kontakt med Bustadkontoret.
Vedlegg som skal følgje papirsøknaden: (for alle i husstanden som er over 18 år)
- Siste godkjente skattemelding
- Lønnslippar og/eller utbetaling frå Nav for dei tre siste månadane
- Eventuell dokumentasjon på helse- og/eller sosiale utfordringar
- Dersom du søkjer på vegne av andre skal og fullmaktsskjema fyllast ut. Dette ligg som siste side i papirskjema.
Søk kommunal gjennomgangsbustad (søknadsskjema papir)
Papirskjema og vedlegg skal sendast til:
Ullensvang kommune v/Bustadkontoret
Opheimsgata 31
5750 Odda
Skal du ettersenda dokumentasjon?
Dersom du har søkt digitalt via Kobo, og skal ettersenda informasjon, kan du gå til “Din søknad”. Der kan du også sjå status på saka di, og sende melding til sakshandsamar.
Dersom du har sendt inn søknad før vi tok i bruk Kobo eller ikkje kan senda oss informasjon digitalt via “Din søknad” så sender du det per post til Bustadkontoret.
Søknadsfristar
Det er ingen søknadsfrist. Alle søknadar vert behandla fortløpande.
Kva skjer videre?
Kommunen din vil behandla søknaden din så snart som mogeleg. Dersom vi har motteke all nødvendig dokumentasjon, og saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klage
Det er klagerett på vedtaket og du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. I klagen fører du opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing eller hjelp, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vert saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for handsaming.