Kommuneplanen for Ullensvang kommune har bustad som eit av tre satsingsområde. Det bustadsosiale arbeidet vil innanfor mange område ha ein usynleg overgang inn i mange andre fagfelt i kommunen sitt arbeid, bl.a. arealplanar for nye bustadfelt, nærmiljøtiltak, eldreomsorg osv.
Handlingsplan Bustad 2021-2025 er ein temaplan for bustad og skal vera eit politisk og administrativt forvaltningsverktøy med overordna dokument og føringar. Planen går ikkje i detaljar i planlegging for konkrete prosjekt, f.eks. areal, nye bustadfelt, bustader; dette vil verta tatt vare på gjennom andre planar og i eigne saker - men Handlingsplan Bustad skal bidra til at slikt arbeid i kommunen vår skal få best mogeleg tverrfagleg fokus.
Vi ynskjer at alle skal bu godt og trygt i kommunen vår. Ullensvang kommune skal ha ein aktiv bustadpolitikk og skal arbeide for at fleire skal bu i eigd bustad. Barnefamiliar skal prioriterast og kommunen skal planlegge og leggje til rette for eit aldersvenleg og inkluderande samfunn. Tverrfagleg samarbeid og samhandling og eit bustadkontor som skal vera “ei dør inn” der ein kan ta kontakt for alle spørsmål knytt til bustad vil vera sentralt i arbeidet.
Handlingsplan Bustad skal bidra til å nå måla i regjeringa si satsing “Bolig for velferd” Nasjonal strategi for boligsosialt arbeid 2014-2020:
- Alle skal ha ein god stad å bu
- Alle med behov for tenester skal få hjelp til å meistra buforholdet
- Den offentlege innsatsen skal vere heilskapleg og effektiv