Tilskotet kan bidra til at personar med behov for ein tilrettelagt bustad kan leige fagpersonar til å utgreie og prosjektere planar/løysingar som grunnlag for eventuelt å gå vidare med eit byggeprosjekt.
Retningsliner for tilskot
Kven kan søkje?
Personar som fyller vilkåra for tildeling jf. retningsliner. Innbyggjarar med behov for tilpassing og/eller ombygging av bustad med bakgrunn i helsemessige årsaker kan søkje om tilskot.
Tilskotet kan
- tildelast til enkeltpersonar for utgreiing og prosjektering av bustader som skal dekka spesielle behov når nokon i husstanden har behov for tilpassing for å kunne fungera i bustaden i dag eller i framtida.
- nyttast til enkle undersøkingar av bustaden, bl.a. tilkomst til bustad, beskriving av den tekniske tilstanden, arealbehov, mogelegheiter og avgrensingar og økonomiske overslag.
- tildelast til å dekke kostnader til leige av fagleg hjelp til prosjektering, td. leige av arkitekt og/eller anna fagperson.
- tildelast til prosjektering av velferdsteknologi.
Tilskot til utgreiing vert som hovudregel berre tildelt til eksisterande bustader.
Utgreiing og prosjektering skal utførast av fagkyndig.
Storleik på tilskot
- Tilskotet kan dekka kostnader til utgreiing med inntil kr. 20.000,- inkl mva pr. sak.
- Tilskotet kan dekke kostnader til prosjektering med inntil kr. 20.000,- inkl mva pr. sak.
- Storleik på tilskotet vert tildelt ut i frå tilgjengelege midlar, og ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomi, behov og mogelegheiter for støtte frå andre offentlege ordningar.
Søknader frå personar som har eit føreliggjande behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsett funksjonsevne skal prioriterast først. Det skal i vurderinga leggjast vekt på økonomien til husstanden.
Prioriteringar
- Familiar med funksjonshemma barn og føreliggjande behov.
- Husstandar med føreliggjande behov og svak økonomi
- Husstandar med føreliggjande behov og normal god økonomi
- Husstandar som ynskjer å leggja til rette for framtidig behov
Kva kan du få hjelp til?
- Informasjon, råd og rettleiing før eventuell ombygging/tilpassing av bustad
- Kartlegging av behov
- Søknad
Slik søkjer du
Søknadsskjema: Søknad om bustadtilskot til utgreiing og prosjektering
Vedlegg som skal følgje søknaden
- Skattemelding for det siste året
- Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
- Dokumentasjon på ev. anna inntekt enn løn eller trygd
- Dokumentasjon på ev. gjeld
- Legeerklæring og/eller uttale frå ergoterapeut som dokumenterer behovet
Ta kontakt med Bustadkontoret dersom du ikkje kan søke digitalt.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist. Alle søknader vert behandla fortløpande.
Kva skjer videre?
Kommune behandlar søknaden så snart som mogleg. Dersom vi har motteke all nødvendig dokumentasjon, og saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Gode råd - uavhengig om du får tildelt tilskot eller ikkje
Når du skal velje arkitekt eller anna fagperson som skal hjelpe deg med å planlegge tilpassing av bustaden din er det greitt å avklara ein del punkt før du inngår avtale, dette er ekstra viktig dersom arbeida er omfattande.
Sjekkpunkt før du engasjerer fagperson:
- har fagpersonen erfaring med på planlegge tilpassing til spesielle behov
- har fagpersonen referanseprosjekt å vise til
- avklar omfanget av både utgreiing og prosjektering
- avklar kostnad for både utgreiing og prosjektering
- avklar tidsbruk
- avklar eventuell tidsavgrensing og at du skal varslast ved eventuelle avvik
Ved inngåelse av avtale om utgreiing/prosjektering er det vanleg at arkitekt/fagperson stadfestar oppdraget skriftleg. Det bør framgå kva som er avtala, dvs type prosjektet, kva skal fagperson utføra, pris og vilkår for å utføra oppdraget.
Klage
Det er klagerett på vedtaket og du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. I klagen fører du opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing eller hjelp, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vert saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for handsaming.