Meld inn ny eldstad

Montering av ny eldstad skal meldast til kommunen.

Ny eldstad/ovn

Dersom du monterer ny eldstad/ovn skal du uavhengig om arbeidet er søknadspliktig eller ikkje sende melding til Ullensvang brann og redning når arbeidet er utført. Skjema skal du få saman med ny eldstad/ovn eller så finn du det her:

Sjekkliste og kontrollerklæring for installasjon av eldstad

Søknadspliktig eller ikkje

Vi gjer merksam på at oppføring og rehabilitering av skorstein er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Det er ofte føretaket som utfører arbeidet som ordnar med søknadsprosessen. 

Kva for arbeid med skorstein/pipe og eldstad/ovn som er unnateke søknadsplikt og kva må du søkje om etter plan og bygningsloven det kan du lesa meir om i informasjonsarket frå Kommunalteknikk: Pipe og eldstad (PDF, 120 kB)

Søknaden vert handsama av byggesak, kart og oppmåling i kommunen.

Er tiltaket søknadspliktig?

Søk om løyve til tiltak

Send søknad til

Ullensvang kommune