Faktorar som vil påverkar behovet for feiing og tilsyner er mellom anna:
- Kvalitet på fyringsanlegg (ovn/skorstein)
- Bruk/fyringsmønster
- Sotmengde/beksotdanning
- Bygningstype (fare for brannspreiing)
Brannvernforeningen.no: Fyr riktig
Slik får du beskjed
Det vert levert varsel på SMS om feiing/tilsyn før feiaren kjem.
SMS fortel deg korleis du kan gje oss tilbakemelding på om oppsett tid til feiing/tilsyn høver eller ikkje.
- Du vil få ein SMS frå «Feiaren» som er brannvesenet ditt når det er tid for å utføra feiing/tilsyn på bustaden din.
- Opne SMS, les og følg beskriving
- Det er to måtar å gje tilbakemelding på:
- Sjekk om tidspunkt passar. Du kan gje tilbakemelding på varsel ved å svara på SMS med tal-kode.
- Svar med talet 1 – for at tidspunkt passar
- Passer ikkje tidspunktet ta kontakt med saksbehandler på telefon
- Ved hjelp av lenkje i SMS kan du logga deg på «Min Eiendom» med smarttelefonen din eller nytta same lenkje til å logga deg inn med ei datamaskin. På «Min Eiendom» kan du bekrefta eller avkrefta om tidspunktet høver for at feiaren skal koma på feiing/tilsyn. På «MinEiendom» kan du og følgja opp avvik og lesa meir informasjon som er relevant for bustaden din.
- Når du har bekrefta at tid høver vil Brannvesenet få beskjed og kunne planlegga feiing/tilsyn ut ifrå det som vert svart på.
- Etter at tilsynet er gjennomført vil du få ei ny melding som vil senda deg attende til «Min Eiendom» der du kan lesa rapporten, og følgja opp eventuelle avvik eller merknader.
Vi sender SMS til det telefonnummeret du er registrert med i Kontakt- og Reservasjonsregisteret. Du kan sjekke kva nummer du ligg inne med på nettsida til Digitaliseringsdirektoratet.
Klargjering i forkant av feiing og tilsyn
Det er ditt ansvar å leggja til rette slik at vi får utført feiing og tilsyn med fyringsanlegget. Du må sørgja for at:
- heile fyringsanlegget er tilgjengeleg. Med fyringsanlegg meiner vi alle eldstader, luker, spjeld, brannmurar og heile skorsteinen.
- alle luker og spjeld er stengt
- det ikkje er fyr i omnen
- feiaren har sikker tilkomst til heile fyringsanlegget. Dette må vera på plass før vi kan feia frå tak (les meir om dette under).
- pipehatt eller liknande blir fjerna før feiing eller er tilpassa slik at det enkelt kan fjernast ved feiing og inspeksjon.
- sotluka kan opnast slik at sot kan fjernast og pipa kan inspiserast frå innsida.
På taket
All kollektiv sikring skal vera i samsvar med det som blir kalla byggjedetaljblad 525.933. Det ligg ei lenkje til det her: Sikringsutstyr for arbeid på tak. Det krevst abonnement for å kunna lesa på denne sida, men for huseigarar sin del er det dette som er viktig å vita om;
- Takstige/trinn skal vera montert i berande konstruksjon på huset (Berekonstruksjon er dei delane i huset som har ei berande oppgåve, til dømes takbjelke og bjelkelag)
- Det må vera rekkverk der det ikkje er festepunkt til fallsele og arbeidsstaden er ein meter eller mindre frå kanten på taket.
- Det må vera sklisikring på toppen av stigen. Det vil seia at stigen skal sikrast på toppen slik at han ikkje kan skli unna.
- Fallande gjenstandar (til dømes takstein eller lause teglstein frå pipe) skal ikkje kunna skada tredjepart.
Krav til stige
Det er huseigar som skal sørgja for at det er enkel tilgang til å gjennomføra tilsyn og feiing. Derfor vil ikkje brannvesenet sjølv ha med eigne stigar. Huseigarar må sørgja for å ha stige tilgjengeleg, og at stigen er innanfor desse krava;
- Stigen skal vera i samsvar med NS-EN 131. Dette inneber at stigen må ha ein viss standard for fleksibilitet og ei viss egeneskap. Det skal vera eit klistremerke på stigen som fortel om stigen er i samsvar med NS-EN 131. Dersom ein ikkje har ein slik stige kan spørja om å få låna av nokon som har.
- Stigen skal alltid vera sikra mot å kunna skli sidevegs eller falla bakover, og dessutan sikra slik at han ikkje kan velta.
- Kombistiger skal ikkje brukast høgre enn fire meter. Kombistiger, eller ein leddstige, er ein type stige som kan byggjast opp på ulike måtar.
- Frittståande stigar (ikkje anliggjande stige som ligg inntil noko) skal ikkje brukast høgare enn fire meter.
- Arbeid frå stige i høgda skal unngåast dersom det er høgare enn to meter.
Stans av arbeidet
Dersom ein tilsett i brannvesenet kjem til ein bustad der krava over ikkje er oppfylte, kan dei stansa arbeidet. Brannførebyggjarane er sjølvsagt behjelpelege med å informera om kva som manglar og kva tiltak som må gjerast før dei kjem tilbake for tilsyn og feiing.
Gebyr
Arbeidet med feiing/tilsyn er eit sjølvkostområde. Kommunen krev inn gebyr for å dekke utgifter til feiing/tilsyn med fyringsanlegg, noko betyr at det skal dekke alle kostnader med planlegging og utføring av tenesta, ikkje berre feiing/tilsyn i felten.
Gebyret vert fordelt årleg saman med dei andre kommunale eigedomsgebyra, uavhengig av om det vert utført feiing/tilsyn det året eller ikkje. Du får eit gebyr per pipeløp.
Les meir om “Betaling av kommunale eigedomsgebyr”
Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr
Fritak frå gebyr
Du kan få fritak frå gebyr dersom eldstad er fjerna eller det er sikra mot bruk. Feiar er fysisk ute og sjekkar at det er grunnlag for fritak og melder dette vidare internt slik at gebyr vert fjerna. Feiar og eigar melder frå når gebyr skal inn igjen.
Søknad om fritak for slam-, feie-, vass- og avløpsgebyr
Lover og regler