Varsel om oppstart av planarbeid med kulturmiljøplan: Ønskje om medverknad gjennom gjestebodmetoden

Ullensvang kommune vil med dette informere om at arbeidet med den nye kulturmiljøplanen er i gong. Kulturmiljøplan er eit viktig verktøy i forvaltning av kulturmiljø og kulturminne som ein ikkje-fornybar ressurs i kommunen.

Planprogrammet er ferdigstilt og vart vedteken før jul 2024. Du kan finne planprogrammet vedlagt. Våren 2025 har kommunen gjennomført behovsanalyse og anbudskonkurranse for leverandør som skal bistå med arbeidet.

Det er no klart at planarbeidet vert gjennomført med bistand frå NIKU (Norsk Institutt for kulturminneforskning). Staben i NIKU har solid fagleg bakgrunn og breidt kompetanse innan arbeid med kulturminne, mellom anna utarbeiding av kulturmiljøplanar for andre kommunar. Kommunen er difor begeistra for samarbeidet med NIKU for å få på plass ein ny kulturmiljøplan for kommunen.

Planen skal ta utgangspunkt i dei tre eksisterande kulturminneplanane frå Odda kommune, Ullensvang herad og Jondal kommune. 

Føremålet med planarbeidet er todelt

  • Innhente og oppdatere kunnskapen rundt lokale kulturminne og kulturmiljø i Ullensvang kommune, og sjå dei i samanheng med kvarandre.
  • Skilja ut enkelte tema og kategoriar som vert sett på som spesielt relevante for denne planperioden. Dette vert gjort gjennom å definere bestemte satsingsområde. Desse vert då vidare fulgt opp gjennom ein handlingsdel.

Medverknad

Det vert lagt opp til medverknad frå innbyggjarar, partar med særlege interessar for arbeidet, samt frå ei ressursgruppe. Ressursgruppa består av representantar frå Hardanger og Voss museum, Kraftmuseet, Fortidsminneforeninga, Agatunet, samt andre lokale foreiningar og bygdalag.

Planen er forventa å vere ferdigstilt i første kvartal av 2026.

I veke 39 kjem laget frå NIKU på synfaring til Ullensvang kommune og det vil verte haldt orienterings- og medverknadsmøter, samt fysiske synfaringar rundt omkring i kommunen til aktuelle kulturmiljø.

Som ein del av medverknadsprosessen i oppstartsfasen av planarbeidet, ønskjer kommunen saman med NIKU å legge opp til bruk av “gjestebodmetoden”. Det betyr at kommunen oppmodar aktuelle organisasjonar/personar om å vera vertskap og invitera inn til dialogmøter lokalt. På denne måten håpar me å skapa lokalt engasjement og eigarskap knytt til kulturminne og kulturmiljø i kommunen.

Kvar og når gjestebodet skal vera, er opp til verten og gjestene å avgjera. Fordi diskusjonane skjer i trygge rammer, i mindre grupper og blant kjende, er metoden spesielt eigna for å få innspel prega av djupne og refleksjon. NIKU vil utarbeide spørsmål som utgangspunkt for diskusjon og innspel, og informasjon om medverknadsmetoden til gjestebodvertar.

Gjestebod-verten får ansvar for å samanfatta svara på spørsmåla og levere dei som innspel til planprosessen. Vi treng ikkje vite namn på deltakarane i dei ulike gjesteboda, men vil gjerne vite talet på deltakar i kvar gruppe og alderen deira. Det er eit mål å få inn innspel frå ulike grupper i befolkninga både aldersmessig, sosialt og geografisk. Planen er at gjestebodmetoden vert gjennomført i veke 40–51 (13. oktober – 19. desember).

Lyst å vera med?

Om dette høyrast interessant ut og du har lyst å vere vert, sjå gjerne vedlegg om gjestebodmetoden. For nærare spørsmål, ta gjerne kontakt med:

Ved generelle innspel til planarbeidet skal merkast med “Innspel planoppstart kulturmiljøplan Ullensvang kommune” og sendast til:

Ullensvang kommune

Vedlegg