Planstatus og føremål
Planområdet er avsett til Landbruk- natur og friluftsliv, i retningslinjeområde der friluftsliv er dominerande i gjeldande kommuneplan for Odda kommune, planID 12282007001.
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for etablering av kommunal parkeringsplass i Valldalen. Planavgrensing ligg vedlagt som fil og kan sjåast på kommunekart.com i kartlag “reguleringsplan under arbeid”.
Grunnlagsdokument
Vedlagt varsel om oppstart av detaljreguleringsplan følgjer eit grunnlagsdokument som er retningsgjevande for vidare planarbeid.
Ullensvang kommune vurderer at planen ikkje er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing. Vurderinga finn ein i grunnlagsdokumentet.
Frist for å kome med innspel er sett til: 28.04.2025.
Dokument i sak finn her
Merknader til varsel om oppstart
Merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vere av interesse for planarbeidet kan sendast oss via digitalt skjema eller skriftleg per post/e-post.
Send innspel/merknad digitalt her
Innspel per post/e-post skal merkast med “Detaljreguleringsplan for parkeringsplass Valldalen, planID 46182025001”