Tidlegrøysting i Ullensvang kommune ved Stortings- og sametingsvalet 2025Du kan tidlegrøysta i perioden 1. juli til 8. august 2025.Tidlegrøysting er for veljarar som ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden 11. august – 5. september eller på valdagen 8. september.Du kan tidlegrøysta alle kvardagar i rådhuset i Odda v/innbyggjartorget mellom kl. 09:00 – 14:30.Ved tidlegrøysting er ikkje dei ordinære stemmesetlane klare, så ein nyttar partirøystesetlar som inneheld namn på dei registrerte politiske partia i Norge.På røystesetelen må du merke av for det partiet du ynskjer å røysta på. Dersom du ynskjer å røysta på eit parti/gruppe som ikkje står på røystesetelen, skriv du namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på røystesetelen.Hugs å ta med legitimasjon når du skal røysta. Valstyret i Ullensvang kommune