Telenor - nettverksfeil

Telenor opplever for tida ein større nettverksfeil som påverkar både datatrafikk og tale i områda Utne og Kinsarvik med omland. Dette påverkar blant anna innbyggjarar som mottek helsetenester.

Inntil feilen er retta kan ein oppleve ustabilt nettverk, som vidare kan påverke tryggleiksalarmar, elektroniske medisindispensarar og at ein ikkje oppnår kontakt via mobiltelefon.

Tenestene som er råka har ivertsett tiltak internt for å ivareta brukarane på best mogeleg måte, mellom anna bistand til manuell utmating av medisinar frå medisindispensarar. Ved behov for akutt helsehjelp - ring 113.