I år vert aksjonsdagen 18.09.2025, men det vil verta tilrettelagt for at det er mogleg å rydde og levere avfall heile veke 38.
Dette er fjerde året på rad ein arrangerer Rein Hardangerfjord, og så langt har ein samla nesten 50 tonn plast! Me ser fram til å gjenta suksessen endå ein gong - blir du med?
Korleis kan du bidra?
Alle kan vere med på Rein Hardangerfjord! Anten du er ein enkeltperson eller ein del av ei gruppe, skal det vere mogleg for deg å bidra i nærleiken av der du bur.
Les meir på nettsida til Framtidshavet og meld deg på dugnaden