Oppstart av detaljreguleringsplan for Beredskapshus Odda

Varsling om oppstart av detaljreguleringsplan for Beredskapshus Odda, planID 46182025003

I tråd med Plan- og bygningsloven (PBL) § 12-8 og vedtak i Ullensvang kommunestyre KST – 35/25 varslar Ullensvang kommune om planoppstart av detaljreguleringsplan for Beredskapshus Odda, PlanID 46182025003.

Forslagsstillar: Ullensvang kommune

Planstatus og føremål

Området er sett av til arealføremål bustad i gjeldande arealdel til kommuneplanen for Odda kommune (Plan-ID 12282007001) (KPA)

Gjeldande reguleringsplanar er:

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for samlokalisering av naudetatane i Odda. Planområdet er regulert til offentleg tenesteyting i gjeldande reguleringsplan. Her har det tidlegare vore blant anna sjukeheim.

Dagens hovudbrannstasjon stettar ikkje dagens krav, og ligg i aktsemdsområde for flodbølgje som følgje av fjellskred. Byggteknisk forskrift (TEK17) §§ 7-3 og 7-4 tillét ikkje lokalisering av regionale beredskapsbygg i område som ikkje er trygge for S3-tiltak.

Planarbeidet skal mellom anna sjå på tilkomst og utkøyring, utnyttingsgrad for naudetatane, parkeringstilhøve, lokal overvasshandsaming, frisikt og betre manøvrering av utrykningskøyretøy.

Vurdering etter Forskrift om konsekvensutredninger (FOR-2017-06-21-854), sjå vedlegg. (PDF, 3 MB)

Vedlegg til sak

Innspel

Send inn uttale/merknad digitalt

Frist for uttale/merknad er sett til 09.10.2025 (seks veker), jf. pbl §12-10 første ledd

Eventuelle merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vera av interesse for planarbeidet skal merkast med “Detaljreguleringsplan for
Beredskapshus Odda, planID 46182025003” og sendast skriftleg til:

Ullensvang kommune

Spørsmål

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Ullensvang kommune: