Nasjonal varslingsprøve med test av Nødvarsel

No er det igjen snart tid for nasjonal varslingsprøve: Onsdag 11. juni rundt kl. 12 testar politiet Nødvarsel på mobil i heile Norge og på Svalbard, samtidig som Sivilforsvaret testar varslingsanlegga over heile landet.

Meir informasjon om varslingsprøva på norsk og engelsk vert publisert på: nodvarsel.no måndag 26. mai.

I forkant av varslingsprøva vert det sendt som tidlegare radioannonsering for å gjera befolkninga merksame på at dette berre er ein test. På varslingsdagen legg vi også opp eit tydeleg banner på nødvarsel.no om at det er varslingsprøve kl. 12.

Merk: Allereie no i mai, nærare bestemt onsdag 21. mai kl. 12, blir det gjort ein teknisk test/pretest av Nødvarsel på testkanal. Dette som ei førebuing til varslingsprøva. Publikum som har skrudd på testnivå på telefonen sin vil få denne, men dette er altså berre ein pretest og ikkje den reelle varslingsprøva. Vi informerer ikkje befolkninga om denne pretesten, men det står tydeleg i sjølve meldingsteksten at dette berre er ein teknisk test. Vi legg også opp eit informasjonsbanner på nødvarsel.no onsdag 21. mai, om at teknisk testing går føre seg og at det ikkje er nødvendig å gjera noko.

Det er ikkje nødvendig å skru på testnivå for å få varslingsprøva 11. juni. Varslingsprøva blir send på Akutt fare-nivå, som før, for at flest mogleg skal bli kjent med Nødvarsel. Denne "kanalen" er det ikkje mogleg å skru av.

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med DSBs kommunikasjonsavdeling ved Henriette Magnussen henriette.magnussen@dsb.no