Endring knytt til innsamling av plastavfall

Det har vore nokre problem med innsamling av plastavfall. Vi beklager dette og har av den grunn gjort noko endringar knytt til dagar vi henter avfallet. 

Henting av plastavfall

Husstander i Tyssedal, på Freim og Ragde samlar plast i blanke sekkar og set dei ut på næraste samleplass torsdagar i partalsveker. Plasser ut plastavfallet ditt før kl. 07:00 dei dagane det er henting. 

Posar til plast- og matavfall (for deg med eigne dunkar)

Ved å henge lapp på avfallsdunken din ved levering av avfall legg vi igjen rull med plast- eller matavfallsposar. Alt ettersom kva du etterspør.

Lappar til å henge på avfallsdunk kan du få ved miljøstasjonane våre, på Bunnpris (Lofthus), Spar (Kinsarvik, Nå og Jondal) og på innbyggjartorget i Odda. 

Blant dei beste på plastsortering

I 2024 markerte Ullensvang kommunen seg som ein av landets beste på plastsortering. Kommunen oppnådde ein forureiningsgrad på berre 4,3 prosent, ein stor betring frå 17,6 prosent ved førre revisjon.

Astrid N. Alfredsen, verksemdsleiar for renovasjon, er svært nøgd og peikar på at kommunen har gjort fleire grep for å få til dette. Mellom anna har dei gått over til å samle plast i sekk i fleire område, i staden for i behaldarar. 

– Dei som sorterer i sekk gjer det ofte grundigare, og det er lettare for oss å oppdage feilsortering, seier Alfredsen.

Plastretur, som kvart år gjennomfører kvalitetsrevisjonar i kommunar over heile landet, meiner resultata viser at informasjon og gode rutinar verkar. 

– Det er gledeleg å sjå stor framgang hos fleire, seier Kristian Nordby i Plastretur.

Sunnfjord Miljøverk toppar lista med ein forureiningsgrad på berre 2,6 prosent, medan Attvin hadde 6,2 prosent. I snitt var forureiningsgraden blant dei 19 reviderte kommunane 12,6 prosent – langt over Plastretur si målsetjing.

Forureining svekkjer kvaliteten på den resirkulerte plasten, og difor jobbar Plastretur vidare med både revisjonar og informasjon. Resultata i Ullensvang viser at gode tiltak kan verke raskt og gi imponerande resultat. 

– Me er stolte over framgangen, og skal halde fram med å utvikle oss vidare, avsluttar Alfredsen.

Merk! 

Det er god kvalitet på plast som vert utsortert. Det er dessverre enno for mykje plast som framleis hamnar i restavfallet.

Sortering av plastavfall

Slik gjer du det

  1. Hugs at emballasjen må vere rein og tom. Skyl den i kaldt vatn, bruk gjerne sleikepott eller oppvaskbørste for å gjere den rein.
  2. Vert plastemballasjen ikkje rein i kaldt vatn, kastar du det i restavfallet.

NB! Ikkje bruk bioposar – dei skal berre brukast til matavfall!

Ja takk

  • Plastposar
  • Plastbeger, -boksar og -brett frå matvarer, t.d. skinkepålegg, kylling, kjøttdeig o.l
  • Plastflasker og -kanner for sjampo, dressing, vaskemiddel o.l.
  • Blomsterpotter og -brett i plast
  • Plastemballasje for elektriske og elektroniske produkt.

Nei takk

  • Plast som ikkje er emballasje
  • Tilgrisa plastemballasje
  • Plastemballasje med papir eller aluminiumsbelegg
  • Plastemballasje som har innehalde farleg avfall, skal leverast på gjenvinningsstasjonen
  • Store gjenstandar
  • Stroppeband og vedsekkar
  • Isopor