Dette gjer Statens vegvesen for å unngå trafikkork på og ved Hardangerbrua

Riksveg 13 Bu-Kyrkjenes i Hardanger, frå Hardangerbrua og sørvestover, er ein flaskehals kvar sommar.

Dei har klar fylgjebil og trafikkdirigentar viss lysreguleringa ikkje får unna trafikken på denne utsette vegstrekninga. Det held dei fram med ut fellesferien. 

Som alternativ omkøyringsrute for Hardangerbrua oppmodar Statens vegvesen trafikantane å nytta ferjeruta Tørvikbygd-Jondal.

For detaljar om trafikkdirigeringa og framkomsten oppmodar Statens vegvesen trafikantane til å sjekka 175.no, appen Vegvesen trafikk, sms-varsel eller digitale informasjonsskilt for å få informasjon om trafikken i sanntid.

For meir informasjon, sjå Statens vegvesen si nettside