- Oppstart: Søndag kveld 6. april (tilrigging)
- Planlagt ferdig: I løpet av fredag 11. april
Entreprenør byrjar med tilrigging søndag kveld (6. april) og arbeidet startar opp for fullt måndag 7. april.
Begge kummane og tilhøyrande leidningar ligg djupt i bakken, dette medfører at mykje av krysset må gravast opp og det blir avgrensa plass for å vareta trafikkavviklinga forbi anleggsområdet.
Det er som utgangspunkt lagt opp til passering i to opne køyrefelt, der trafikken delvis blir leidd inn på fortauet på sørsida av vegbanen. Kødanningar i området må nok likevel påreknast, spesielt i rushtrafikken om morgonen og ettermiddagen.
For dei lokalkjente finst det jo også nokre omkøyringsmoglegheiter - men desse vil ikkje bli skilta.
Vi går ut frå at arbeidet skal vera ferdig i løpet av fredag 11. april.
