Rusfritt 16. mai arrangement i Kinsarvik - Ullensvang kommune

Kalender

Kalender på nettsida viser kommunale arrangement. Ynskjer du å sjå alt som skjer i kommunen finn du dette på Kva skjer kultur?

Rusfritt 16. mai arrangement i Kinsarvik

  • Hending

Rusfritt 16. mai arrangement i Kinsarvik

Dato

Lørdag 16. mai 2026

Tidspunkt

kl. 17:30 - 23:00

Stad

Tangen i Kinsarvik (sentrum)

I år som førre år arrangerer Ullensvang kommune, Ulvik herad, Eidfjord kommune og skulekrinsen i Granvin, eit rusfritt 16. mai arrangement for ungdom.

Planen er ulike aktivitetar, etterfulgt av konsert og premieutdeling med trekking på inngangsbånd. Alle aktivitetane vil vere organisert på Tangen i Kinsarvik (sentrum), samstundes som det vil gå shuttlebuss opp til klatring-/zipline og paintball.

Ungdomane vil få servert enkel grillmat og drikke - dette er inkludert i inngangsbilletten.

  • Aldersgrense: frå 7. klasse og oppover.
  • Stad: Tangen i Kinsarvik (sentrum)
  • Tid: kl. 17.30 - 23.00
  • Pris: Gratis inngang om påmelding skjer innan 30. april. F.o.m. 1. mai - 6. mai vil det koste 300 kr. pr. deltakar.

Meld deg på

Aktivitetar

  • Paintball
  • Klatring/zipline
  • Ribbåt-køyring på Sørfjorden
  • Lazertag-/VR-rollercoaster
  • Ulike mindre aktivitetar

Konsert

  • Ambolt
  • Problembarn
  • Madelene

Vaktar

Vi er avhengig av at føresette stiller som vaktar.

Meld deg som vakt

Informasjon om billettar og skyss

Ved påmelding må du velga kva transport du treng, og ev. kva strekning. Viktig at det blir informert i påmelding om stad for på/avstigning.

Alternativ ved påmelding:

16. mai (ikkje behov for transport)
For ungdom som bur i nærleiken og/eller har organisert transport på eigehand.

16. mai (Odda - Kinsarvik t/r)
Avreise frå Odda busstasjon kl. 16.30

Alle som bur i Odda og omegn må møte på Odda busstasjon. For dei som bur i Tyssedal vil bussen stoppe i rundkjøringen å ta ungdomane med vidare. For dei som bur utover fjorden vil bussen stoppe på buss-stoppane å ta med seg ungdomane vidare. Det same gjeld på returen.

16.mai (Røldal - Kinsarvik t/r)
Avreise frå Shell Røldal kl. 15.45

For dei som bur langs vegen frå Røldal til Odda vil bussen stoppe og ta med seg ungdomane vidare (t.d Løyning, Skare, Hildal). Det same gjeld på returen

16. mai (Jondal - Kinsarvik t/r (via Odda))
Avreise frå Jondal Ferjekai kl. 15.45. 

For dei som bur langs vegen frå Jondal til Folgefonntunnelen vil bussen stoppe og ta med seg ungdomane vidare. Ungdom som bur forbi Jondal må organisere transport på eigehand t/r Jondal ferjekai. Det same gjeld på returen

16. mai (Odda - Kinsarvik t/r (via Utne) 

Til Kinsarvik vil bussen gå frå Odda til Utne, og vidare over fjorden med ferje til Kinsarvik. På returen vil bussen gå via Odda. For dei som bur langs vegen mellom Eitrheimstunnelen og Utne, vil bussen stoppe å ta med seg ungdomane vidare. Det same gjeld på returen.

Ungdom som bur forbi Utne må organisere transport på eigehand t/r Utne.

16. mai (for ungdom i Eidfjord)
Organisering og informasjon om transport vil bli organisert av Kari Lægreid

16.mai (for ungdom i Ulvik)
Organisering og informasjon om transport vil bli organisert av Ann Merethe Hjortland

16.mai (for ungdom i Granvin)
Organisering og informasjon om transport vil bli organisert av Eivind Djønne

Spørsmål?

Ullensvang kommune
Ingvild Sæbø Nilsen: ingvild.s.nilsen@ullensvang.kommune.no / 48 26 88 03

Eidfjord kommune
Kari Lægreid: kari.laegreid@eidfjord.kommune.no / 95 10 22 55

Ulvik herad
Ann Merete Hjortland: ann.m.hjortland@ulvik.kommune.no

Granvin skulekrins
Eivind L. Djønne: eivind.l.djonne@voss.herad.no

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Tangen i Kinsarvik (sentrum)