Paragraf symbol lent mot grå vegg

Utskriving av eigedomsskatt 2021 – offentleg gjennomsyn

Eigedomsskatteliste 2021

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2021, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelista lagd ut til offentleg gjennomsyn etter at det er kunngjort at lista er lagd ut. Lista vert lagd ut før 1. mars kvart år på følgande stader:

  • Kommunen si heimesida
  • Innbyggjartorget på rådhuset i Odda
  • Innbyggjartorget på kommunehuset i Kinsarvik
  • Innbyggjartorget på kommunehuset i Jondal

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks-, feste- og seksjonsnummer), eigedomsskattetakster, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp. I ei tilleggsliste vert eigedomar som har fritak for eigedomsskatt oppført. Listene vert ikkje oppdatert med korreksjonar som følge av rettingar eller klagebehandling gjennom året.

  • 2021 Eigedomsskatteliste – offentleg gjennomsyn
  • 2021 Eigedomsskatteliste – fritak §§ 5 og 7

 

Eigedomsskattesetel

Samstundes med at eigedomsskattelista vert utlagd, får eigar (skattytar) tilsendt eigedomsskattesetel med informasjon om takst og utrekna skatt, samt informasjon om klagerett. Eigedomsskattesetel vert sendt ut i eiga sending. Skattesetelen skal innehalda eigedomsnummer, eigedomsskattetakst, skattesats, skattebeløp og informasjon om klagerett. Vert skatten for ein eigedom mindre enn kr 300 i 2021, skal det ikkje skrivast ut skatt jf. eigedomsskattelova § 14.

 

Informasjon om klagerett

Klagefrist for eigedomsskatten 2021 er måndag 12. april 2021.

Klager innsendt etter fristen kan bli avvist. Klage kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Eigedomsskatten vert fakturert kvartalsvis (forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. desember). Eigedomsskatten skal betalast til forfall sjølv om du har sendt inn klage jf. eigedomsskattelova § 25. Ta gjerne kontakt med eigedomsskattekontoret dersom du treng hjelp til å klage. Skjema for å klage finn du her.

 

Skattesats 2021

Den alminnelege eigedomsskattesatsen for 2021 er 7 promille jf. eigedomsskattelova §§ 10 og 11. Skattesatsen på det særskilte eigedomsskattegrunnlaget er 7 promille. Med bakgrunn i kommunesamanslåing og eigedomsskattelova § 13 vert næringseigedomar, som ikkje var skattlagde med eigedomsskatt i 2019, skattlagd med promillesats 4 i 2021. Satsen skal aukast jevnt i ein overgangsperiode for å harmonisera promillesatsen (2020: 2 promille, 2021: 4 promille, 2022: 6 promille). I 2023 vil alle næringseigedomar ha promillesats 7. Ordninga inneheld ein mellombels, lovleg forskjellsbehandling.

Meir informasjon om eigedomsskatt er å finne her på nettsida vår.