Alle legekontora i kommunen har no tatt i bruk «Digital dialog»

Alle legekontora i Ullensvang har no tatt i bruk “Digital dialog” på Helsenorge, dette erstattar Helserespons som tidlegare er nytta.

Nettsider for det enkelte legekontor finn du her på våre nettsider under tema: Helse, omsorg og sosiale tenester.

Digital dialog

«Digital dialog» er ein enkel og trygg digital kommunikasjonskanal til fastlegen når du treng helsehjelp som ikkje er akutt. Du kan berre bruka dette når det ikkje krev fysisk oppmøte.

 

Tenester som kan vera tilgjengeleg via «Digital dialog» er:

  • Start e-konsultasjon
  • Kontakt legekontor
  • Forny resept
  • Bestill time​

Kva teneste din fastlege tilbyr ser du når du loggar deg inn på helsenorge.no

 

Logg inn på Digital dialog – Helsenorge.no

Helsenorge.no er den offentlege helseportalen for innbyggarar i Noreg. På helsenorge .no finn du kvalitetssikra helseinformasjon, og sikre digitale tenester.

 

Helsenorge.no er delt i to hovuddelar:

  • informasjonssider, der du finn kvalitetssikra helseinformasjon om ei rekke tema
  • sjølvbeteningsløysingar, der du har tilgang til ulike helserelaterte nett-tenester

 

Sjølvbeteningsløysingar

Ved å logga deg inn på helsenorge.no får du tilgang til ei rekke sjølvbeteningsløysingar, og du kan sjå helseinformasjon som er registrert om deg. Du kan blant anna sjå og redigera kjernejournalen din, byte fastlege, få oversyn over reseptane dine og sjekka vaksinane dine. Nokre tenester vil berre vere tilgjengelege for visse delar av landet

Les meir om tenesta på Helsenorge på nettsida deira.

Start e-konsultasjon

E-konsultasjon er ein legetime som blir gjennomført via nettet ved hjelp av lyd, video eller tekst-samtale.

Du betaler vanleg eigenandel og fakturagebyr for denne tenesta.

Du kan berre bruka denne tenesta når det ikkje krev fysisk oppmøte. Tenesta skal ikkje brukast til umiddelbar hjelp og akuttsituasjonar.

 

Kontakt legekontoret

Tenesta «Kontakt legekontoret» gir deg ein trygg kommunikasjonskanal med legekontoret. Denne tenesta kan brukast til administrative spørsmål, som ferieavvikling og adkomst. Spørsmåla via denne tenesta vil normalt svarast på av resepsjonen på legekontoret.​ Du kan ikkje få helsehjelp via denne tenesta.

 

Forny resept

Du kan senda ei melding til fastlegen din og be om å få fornya resept på dei faste legemidla dine, medisinsk utstyr og anna som vert forskrive på resept.

Resepttenesta på Helsenorge gir god oversikt over kva reseptar du har og om det er meir igjen på resepten din.​

 

Bestill time

Du vil enkelt kunna få ein time som passar og bestillingen skal kunna gjerast når det passar deg. I tillegg skal du kunna sjå dei bestilte timane dine og avbestilla desse.

Timebestilling er tilgjengeleg via innlogga sider på helsenorge.no:

Førespurnad – du kan òg senda ei melding til fastlegen og be om ein time som passar. Førespurnaden blir handtert manuelt hos fastlegekontoret, og du får stadfesting når timen faktisk er bestilt.

Helsenorge App

Helsenorge.no er den offentlege helseportalen for innbyggarar i Noreg. På helsenorge.no finn du kvalitetssikret helseinformasjon, og sikre, digitale helsetenester. Med denne appen får du rask og enkel tilgang til dette.

 

App kan du lasta ned her: 

Helsenorge