Hand som held mobiltelefon

Endring av kommunikasjonsløysing for skulane i Ullensvang

Kommunikasjon mellom føresette og skulane våre har tidlegare føregått i ei SMS-løysing, med spesialnummer for den enkelte læraren/skuleleiar osb.

Frå 1. januar 2021 går vi over til ei ny løysing kor føresette i staden lastar ned ein app på telefonen sin og kommuniserer med tilsette i skulen gjennom denne. Appen har òg ein funksjon for melding av fråvær der ein veljar dag og klokkeslett osb.

Appen som heiter «Min Skole – foresatt», er allereie klar til bruk og vi ønsker at føresette lastar ned og loggar seg på appen så fort som mogleg.

 

Dei som evt. ikkje kan bruka appen på telefonen sin har to alternativ:

  • Bruka appen på nettbrett i staden – vil fungera på same måte som på mobiltelefon
  • Logge seg inn på https://skule.visma.com/ullensvang og lesa og skriva meldingar der.

Gi tilbakemelding til kontaktlærar så snart som mogleg om du ikkje får til å bruka appen.

Løysinga for sending av sms frå føresette til skulen vil slutta å fungera f.o.m. måndag 18. januar 2021.

 

Viktig:

Vurderingar skrive av lærarar kan ikkje lesast av føresette gjennom appen. Dei som skal lesa vurderingar på mobil eller nettbrett må gå via nettlesar og logga seg på med id-porten på https://skule.visma.com/ullensvang

 

Med appen aktivert kan føresette

  • Sende melding til ein/fleire tilsette ved skule ein har barn knytt til
  • Motta melding frå tilsett/skulen, inkl varslingar feks på SFO og Digitale skjema
  • Melde og redigera fråvær
  • Sjå timeplanen til barn (ikkje alle skular er klar med denne i appen)
  • Sjå informasjon knytt til SFO-opphald og SFO Tilstedeværelse
  • Sjå beskjedar frå skulen knytt til SFO Tilstedeværelse, og registrera eigne beskjedar