Skuter som er parkert i snø

Informasjon om løyve til motorisert ferdsel i utmark, vintersesongane 2020-2024

Utval for samfunn, plan og næring har i møtet den 4. november 2020 vedteke endringar i dei kommunale retningsliner for handsaming av motorferdselsaker i utmark i Ullensvang kommune, i samsvar med endring av forskrifta som vart gjeldande frå 1. oktober 2020.

Søknaden skal innehalda følgjande opplysningar

  • Namn og fullstendig adresse på søkjar
  • Opplysningar om køyretøytype og reg.nr (snøscooter, ATV, beltegåande køyretøy eller liknande)
  • Opplysningar om kven som er førar av køyretøyet (kan vera fleire)
  • Føremål med transporten
  • Start- og endestad for føremålet, med kart over køyrerute.
  • Tidsrom for køyring og naudsynt tal turar
  • Legeattest ved varig funksjonshemning for dei søknadane det gjeld
  • Løyve frå grunneigar for vedhogst
  • Løyvehavar pliktar henta inn løyve frå aktuelle grunneigarar for køyring over andre sin grunn før løyvet kan nyttast.

Dei fleste søknadene er delegert til rådmannen og her må det påreknast sakshandsamingstida på 3 veker, Dei som skal opp til politisk handsaming har noko lenger handsamingstid som 4-6 veker.

Løyva gjeld for vintersesongane 2020/21, 21/22, 22/23 og 23/24.

 

Spørsmål om søknad, lover og reglar - ta kontakt med:

Anne Lise L. Eftedal

Innbyggjarservice

anne.lise.lothe.eftedal@ullensvang.kommune.no

90 71 21 50