![Agatunet. Foto: Skarv Studio](https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2020/01/kopi-av-ch_ullensvang_stills-100-1_optimized-1920x1280.jpg)
Ordførar
Roald Aga Haug er ordførar i Ullensvang kommune, han vart valt i 2023 og representerar Arbeiderpartiet.
Ordføraren er kommunen sin fremste representant og skal ivareta dei gjeremål som er knytt til dette vervet gjennom lover, forskrifter og reglement.
I følgje kommunelova har ordføraren i oppgåve å leia møtene i formannskap og kommunestyre. Han har møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men har berre stemme- og forslagsrett viss han er valt medlem.
Varaordførar i Ullensvang kommunen er Inger Synnøve Vestrheim, ho representerar Høgre.
Kontakta ordføraren (og varaordførar)
Ordføraren ynskjer god dialog med innbyggjarane i kommunen. Ta gjerne kontakt med han. Ha på minnet at både e-postsendingar og annan post vil verta handsama i samsvar med «Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd», også kalla offentleglova. Du må rekna med at innhaldet i meldinga di kan verta offentleg tilgjengeleg.
![Portrettbilete ordførar. Foto.](https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2020/01/IMG_4605.jpg)
Kontakter
![](https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2020/01/IMG_4605-150x150.jpg)
![](https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2023/09/Oppvekstplan-12-150x150.png)
Inger Synnøve Vestrheim
Varaordførar/Utvalsleiar samfunn, plan og næring
inger.synnove.vestrheim@ullensvang.kommune.no
46 90 05 00