Bildet er henta frå Ullensvang formannskap 1838.

Møtebøker etter formannskapa før 1920

Arbeidet med skanning og publisering av møtebøker etter formannskapa før 1920 er ferdig.

Det inkluderer møtebøker etter formannskap og kommunestyre i Ullensvang-, Odda-, Jondal- og Røldal kommunar. Møtebøker etter Kinsarvik kommune er ikkje skanna i denne omgangen fordi ytteråret for den fyrste protokollen strekker seg over 1920 og kan av den grunn ikkje publiserast restriksjonsfritt no.

Digitalisering av gamle møtebøker mm. er ein del av Kulturdepartementet sin strategi for digitalisering av kulturarven og dessutan å sikra tilgangen innbyggjarane har til kulturarven som er ein demokratisk rett.

Digitalarkivet.no har fått mykje merksemd den siste tida fordi lesesalane ved arkivinstitusjonane har vore stengde og fleire har etterspurt meir materiale digitalt.

Protokoll frå Ullensvang formannskap 1838. Bilete.Bildet er henta frå Ullensvang formannskap 1838.