Elev på småskulen som sitter ved pult og jobber.

Framtidig skule på vestsida i Ullensvang kommune

Sak om val av framtidig skule på vestsida av sørfjorden i Ullensvang kommune vert handsama i kommunestyret 9. september 2020. Saka vert undervegs handsama i Utval for kultur og leverkår, samt i Formannskapet.

KST - 142/20 Vedtak:

  1. Kommunestyret ynskjer ikkje splitting av skulekrins på vestsida.
  2. Kommunestyret vedtek at felles barne- og ungdomsskule for Hauso og Vikebygd skulekrins vert lagt til Aga.
  3. Det skal byggast idrettshall i tilknyting til skulen. Hallen skal søkast å byggast privat, med kommunen som leigetakar.
  4. Kommunestyret tek stilling til basseng på Aga i forbindelse med detaljplanlegging.
  5. Kommunestyret vedtek at det vert utgreidd etablering av oppvekstsenter (skule og barnehage) på Aga.
  6. Reguleringsplanen for Aga viser potensialet for ein god skule med gode uteområde. Den er klar for slutthandsaming. Kommunestyret vedtek at slutthandsaming vert fullført snarast.
  7. Elevar på Vestsida som får ekstra lang reisetid, kan etter søknad få tilbod om raskare og betre skuleskyss med taxi eller minibuss heilt til skulen.
  8. Ullensvang kommunestyre gir rådmannen i oppgåve å utarbeide ein plan for gjenbruk av ledig skuleareal etter 1.8.2022.

 

Høyringuttale

Saka har vert ute på høyring med frist for å kome med uttale 3. august 2020. Det kom inn 25 innspel til saka. Høyringssvara føl sak.

Sak som skal opp i Utval for kultur og levekår 1. september finn du her. 

 

Reguleringsplanar

 

Reguleringsplan Hauso

Reguleringsplan for Hauso vart sist vedteke  i Ullensvang heradsstyre i 2017:

 

Reguleringsplan Skotamyri – Aga

Reguleringsplan for Skotamyri – Aga var sist handsama i Ullensvang heradsstyre i 2019.
Reguleringsplanen for Skotamyri – Aga er ikkje formelt vedteke. Det som gjennstår før ein kan gå vidare på Aga er eit formelt vedtak av reguleringsplanen.

 

Spørsmål frå politikarar

Tidlegare saksdokument frå kommunestyremøte juni

 

Ta kontakt med Ullensvang kommune om du/de treng meir informasjon:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no