Oppvekstplan-10

Flytting og/eller byte av skule

Flytting som medfører byte av skule, må meldast til skulen der eleven går. Skulen har ansvar for å melda eleven inn på den nye skulen. Dersom du flyttar ut av skulekrinsen, men ynskjer at eleven skal fortsette på same skule sjå informasjon under.

Søka anna skule enn nærskulen

Foreldre kan søke eleven inn på ein annan skule enn nærskulen. Ullensvang kommune gjer ei samla og konkret vurdering i kvar enkelt sak ut i frå foreldra/føresette sin søknad. Foreldre/føresette tek kontakt med nærskulen til eleven om at dei ynskjer å byte skule. Føresetnader som må ligge til grunn er at det ikkje påfører kommunen meirkostnader som utlegg til skyss, klassedeling m.m. Foreldra må i tilfelle dekka skyss sjølv.

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) §2-6

 

Send søknad til

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no